Psykolog/psykologspesialist 100% fast stilling og 100% vikariat

Kvinnherad kommune
Publisert
2021-02-17
Beliggenhet
Kvinnherad, Norway
Stillingstype

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Ved Eining Barn og familie, avdeling Tiltak og ressursar, er det ledig 100% fast stilling som psykolog. Psykologstillinga er forankra i helse- og omsorgstenestelova. I tillegg har eininga eit ledig vikariat i 100% stilling for snarleg tilsetjing og fram til 09.01.22. Tilbodet er eit lågterskeltilbod - lett tilgjengeleg, gratis og utan henvising. Eininga vert leia av psykologspesialist.

Arbeidet vil vere behandling og rådgjeving til barn og unge og deira familiar, tverrfagleg samarbeid og rettleiing, og system og samfunnsretta arbeid. Stillinga er organisert i avdeling for tiltak og ressurs, men arbeider og saman med
PPT, barnevern, helsestasjon og andre førebyggande tiltak for barn, unge og deira familiar. Det er nært samarbeid mellom dei to psykologstillingane.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Tilbod til barn/unge og deira familiar i aldersgruppa 0 - 20 år.
- Psykologen vil delta i tverrfagleg samarbeid med skular, barnehagar og andre relevante instansar.
- System- og samfunnsretta arbeid
- Førebyggande arbeid/lågterskeltilbod
- Utgreiing/behandlingsoppgåver og oppfølging av barn og unge
- Kartlegging/relevante testar
- Råd og rettleiing til barn, unge og deira foreldre

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter psykolog/ psykologspesialist, men andre med utdanning innan familieterapi eller sosialfagleg utdanning som klinisk sosionom kan tilsetjast mellombels (1 år) om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar.

Det vil bli lagt særleg vekt på;
- evne til samarbeid
- evne til å arbeide sjølvstendig
- arbeide målretta, systematisk og strukturert
- at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
- vilje til å tenke alternativt og tverrfagleg
- gode kommunikasjonsevner, norsk munnleg og skriftleg

Det er rom for å utforme stillingsinnhaldet i samarbeid med den som vert tilsett.

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato.

Vi tilbyr

Eit positivt arbeidsmiljø med høve til faglege utfordringar
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Konkurransedyktig løn
Høve til relevante kurs og spesialisering. Intern rettleiing av psykologspesialist.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Gode høve til friluftsliv både sommar og vinter
Varierte kulturtilbod
Gode oppveksttilhøve for barn
Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Navn
Vigdis Gammelsæther
Tittel
Avdelingsleder i eining barn og familie
E-post
vigdis.gammelsaether@kvinnherad.kommune.no
Mobil
90607896

Navn
Sturla Helland
Tittel
Einingsleiar
E-post
sturla.helland@kvinnherad.kommune.no
Mobil
97024320

Søknadsfrist
03.03.21

Merk deres søknad med Helsejobbnorge.no

Søk
Drop files here browse files ...
Captcha

Relaterte Jobs

Psykolog/psykologspesialist 100% fast stilling og 100% vikariat
Rull til toppen
Are you sure you want to delete this file?
/