
Beskrivelse
Bremanger kommune med omlag 3700 innbyggjarar, har ledig ein fastlegeheimel frå 01.09.2020 ved Svelgen helsesenter.
Bremanger kommune har 5 fastlegeheimlar der 2 er på Hauge legekontor i ytre Bremanger og 3 ved Svelgen helsesenter.
Arbeidsoppgåver
Fastlegen sitt arbeid omfattar kurativt arbeid, deltaking i legevakt og deltidsstilling som kommuneoverlege. Ein må pårekne å verte tilplikta kommunale oppgåver.
Kommunen er tilslutta interkommunal legevaktsentral, lokalisert i Førde.
- Det er per no lokal legevakt i kommunen mellom kl. 08.00 og 22.00.
- Vi deltek i eit legevaktprosjekt der legevakt mellom 22.00 og 08.00 er lokalisert til Førde. Legevakt mellom 22.00 og 08.00 er organisert under interkommunal legevakt i Førde. I same tidsrommet har våre legar bakvakt, og det er etablert legevaktsatelitt ved Svelgen omsorgssenter drifta av sjukepleiar som har direkte kontakt med legevaktansvarleg lege ved Sunnfjord interkommunale legevakt i Førde.
- Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldande avtaler.
- Kommunen har Infodoc Plenario journalsystem.
- Avstand til Førde sentralsjukehus er 80 km.
Kvalifikasjonar
- Interesse for allmennmedisin
- Refusjonsrett
- Kvalifisert til å delta i legevakt.
- Gyldig norsk autorisasjon og gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.Kommunen kan tilby driftstilskot i kombinasjon med fast tilsetjing.
Avtale om driftsavtale og/eller tilsetting i kommunal stillingsprosent, skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld med grunnlag i gjeldande lover, reglement, tariffavtalar, sentrale og kommunale avtalar om drift av fastlegeordninga.
Evt. vilkår for kjøp av delar av praksis, avtalast med selgar etter vanlege retningslinjer.
Kontaktpersonar:
Anita Brevik
Driftssjef
95982939
anita.brevik@bremanger.kommune.no
Randi Ytrehus
Kommunalsjef Helse
95988707
randi.ytrehus@bremanger.kommune.no
Søknadsfrist:Snarest.
Merk deres søknad med Helsejobbnorge.no