
Beskrivelse
Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 305 tilsette fordelt på ca 260 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr.
100% fast nyoppretta stilling som tenesteleiar for heimetenestene i Vik kommune frå snarast.
Som tenesteleiar får du ansvar for heimesjukepleie/heimehjelp/omsorgsbustader både med og utan heildøgns omsorg.
Det er tett samarbeid mellom heimetenestene, sjukeheim, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling.
Som tenesteleiar vil du få ei viktig rolle i å bidra til å utvikle helse-og omsorgstenestene i Vik, og heimetenesten spesielt.
Kommunen jobbar med å ta i bruk velferdsteknologi. Mestring og livskvalitet er viktige prinsipp og målet er at brukarar kan få bu heime så lenge som mogeleg.
Arbeidsoppgåver
Vik kommune satsar på at innbyggarane skal bu i eigen heim så lenge som råd. Behov for helse - og omsorgstenester i eigen heim og i omsorgsbustad har auka siste åra. Kommunen arbeider no med eit prosjekt for å dele tenestene i to sjølvstendige tenesteområder. Det er eit prosjekt der me er opptekne av å styrka kvaliteten på tenesta slik at individet får den hjelp som er individuelt tilpassa.
Kommunen søkjer difor etter ein tenesteleiar som skal vere med å vidareutvikla tenesta og ha driftsansvar for ei av to likestilte tenesteavdelingar innan heimetenester.
Oppgåver vert å ha dagleg ansvar og oppgåver innan fag, personal- og økonomiforvaltning. Tenesteleiaren er ein del av eit leiarteam i sektoren, og deltar i kvalitetsarbeid og vidareutvikling av tenesteområdet. Tenesteleiar rapporterer til kommunalsjef.
Kvalifikasjonskrav
" Offentleg godkjent sjukepleiar
" Erfaring frå leiing er ein fordel
" Kunnskap om gjeldande lov- og avtaleverk
" Erfaring frå endrings- og omstillingsarbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Navn
Marit Johanne Andersen
Tittel
Kommunalsjef Helse og velferd
E-post
marit.johanne.andersen@vik.kommune.no
Mobil 90686227
Søknadsfrist
07.04.21
Utlyst
24.03.21
Merk deres søknad med Helsejobbnorge.no